lørdag 19. mars 2011

Me er framleis her!


Beklager heller laber innsats med denne bloggen..ikkje bra.Så mykje anna blir prioritert!Me er komen til mars 2011 og mykje har skjedd sidan sist innlegg. Emil er blitt 8 år-ein flink og ivrig 2.klassing.Tobias på 6,5 år går i 1.klasse og trivs godt som skulegut,men syns det er godt med helg og!Einar og Jonas har blitt 3,5 år,to artige gutar.Dei går 50% i bhg og er heime resten av tiden.Dei trivs godt begge plassar!Dei har framleis mange meir og mindre gode idear,men er to storsjarmørar!Merkar godt at dei har blitt større og litt meir fornuftige.Skal sjå om eg får oppdatert bloggen meir etterkvart!God helg!

fredag 2. oktober 2009

Einar og Jonas 2 år!


I dag er desse herlige gutane 2 år!Til frokost fekk dei kvart sitt kakestykke med 2 lys på.Og etter frokost ei pakke til kvar!!Dette syns dei var stas!!2 år har gått fort samstundes som det har skjedd MYKJE desse åra!!Frå å vere 2 knøtt på 2640 g og 2958 gram er dei no to store gutar på 13 og 14 kg trur eg...og ca 86 og 90 cm!

mandag 17. august 2009

Fyrste skuledag!


I dag var fyrste skuledag for Emil!Mor og son var like spente!Gjekk veldig bra alt og han kom stolt og glad heim med skulebussen etter endt dag!Så er ei ny epoke i familien komen med skulegut i huset!Og om 4 år har me 4 skulegutar!

mandag 18. mai 2009

17.mai feiringa vår!
















I går var den store dagen alle hadde gledd seg til!Og jammen gjekk det bra å holde styr på 4 små!!Var fyrst i kyrkja 10.30,så var det bygdatog,så tale for dagen og mat i grendahuset!Etterpå var det leiker for små og store!Thomas kasta mjølkespann og sprang 60 meter,Oddny hadde nok med å holde styr på ungane.Dei 4 gutane gjorde på litt av kvart!Flott ver gjorde dagen ekstra bra!!





fredag 24. april 2009

Traktorgutar!











Her i huset har me 5 traktorkarar i alderen 1,5-31...som far så sønn(er)! Alle dei 4 minste diggar å få vere med pappaen sin på traktorkøyring og anna!!Under ser de nokre bilder av to av dei!Tobias(4,5) og Einar (1,5)




fredag 6. februar 2009

Emil 6 år!







Førre søndag(1.februar) vart den kjære storeguten vår 6 år!!Om 6 mnd byrjar han på skulen,det ser han veldig fram til!Fredag hadde me barneselskap,søndag familieselskap og tysdag var det feiring i barnehagen!Hipp hurra for denne spreke og flotte guten vår som var fødd 01.02.03


mandag 26. januar 2009

I går kom sola tilbake til oss!Den er vekke i 2 månader pga dei høge fjella som er i vegen! Så i dag måtte eg bake skulebollar og koke kakao for å feire!!"Sola er god,sola er toppen,sola er varm og den bruner på kroppen.Sola den skinner hver morgen for meg,sola i hjerte er best synes jeg"